Please use this identifier to cite or link to this item: http://dlib.scu.ac.ir/handle/1956/4950
Title: "Den aldri stansende livets strøm". Ei utforsking av vitalismen i Sigrid Undset og Cora Sandel sine debutromanar
subject: Sigrid Undset;Cora Sandel;Vitalisme;Bergson, Henri;Eksistensialisme;VDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042;Mastergrad;711123
Publisher: The University of Bergen
Description: Denne masteroppgåva tek føre seg Sigrid Undset og Cora Sandel sine debutromanar. Undset debuterte i 1907 med dagbokromanen Fru Marta Oulie. Sandel debuterte med den fyrste romanen i trilogien om Alberte Selmer, Alberte og Jakob, i 1926. Mannlege romanforfattarar i perioden kring hundreårskifte vert gjerne knytt til det filosofiske paradigmet og estetiske straumdraget som vitalisme utgjer. Kvinnelege romanforfattarar har på si side tidlegare ikkje vore lese inn i ein slik kontekst. Med bakgrunn i korleis vitalismeomgrepet har vorte etablert og brukt meiner eg det er naudsynt å problematisera omgrepet, og utvida det gjennom nye lesingar. Dette gjer eg med bakgrunn i Bergson sin teori om varigheit og kraft. Ved å sjå på forteljarhandling, karakterskildringar og motiv synar eg korleis vitalismen kjem til uttrykk i tekstane på tre nivå. For det fyrste synleggjer framstillinga av tida og karakterane si erfaring av varigheita (la durée), subjektet si plassering i høve til livsstraumen. For det andre erfarer både Marta og Alberte eigne livskrefter (élan vital) og maktar å gjera seg nytta av desse. For det tredje er det i den vitalistiske motivkrinsen ei rekkje motiv som signaliserer liv, livslyst og skaparkraft. Til dømes har komplekse motiv som sol og hav, ein meiningsberande funksjon i begge bøkene, og tenar til å illustrera vitalistiske poeng. Bakgrunnen for å ta omsyn til vitalistiske trekk i Undset og Sandel sine forfattarskap har vore motivert ut i frå eit ynskje om å utvida vitalismeomgrepet. Samstundes finn eg denne undersøkinga naudsynt for å forstå kvinnesynet som vert uttrykt i tekstane. Gjennom lesingane mine syner eg korleis Undset og Sandel utfordrar det enkle og binære menneskesynet som vitalismen tilbyr. Kvinna sin trong og evne til å løfta seg ut av sin immanente situasjon vert særleg tydeleg dersom ein ser på framstillinga av varigheita og livskrafta i tekstane. Gjennom auka medvit om sin immanente situasjon evnar dei tidvis å løfta seg ut av denne, og transcendere. Denne rørsla svarar til individet sin trong til å tidvis løfta seg ut av livsstraumen. Samstundes syner eg at romanane plasserer seg mellom Bergson sin vitalisme og Merleau-Ponty og Beauvoir sin fenomenologiske eksistensialisme.
Master i Nordisk språk og litteratur
This thesis examines the first novels of Sigrid Undset and Cora Sandel. Undset`s first novel, Fru Marta Oulie, was published in 1907. Sandel made her debut in 1926 with Alberte og Jakob, first of a trilogy about Alberte Selmer. Male novelists at the beginning of the twentieth century are often linked to the philosophical paradigm and esthetical tradition of vitalism. Female novelists have on the other hand hardly been read in this context. It is therefore prudent to re-examine the concept of vitalism with a view to include female authors and characters. New readings of literature of this time could give a better understanding of how vitalism has been developed and of the shortcomings of the traditional approach to the concept. The framework for my analysis in this respect is Bergson`s theory of la durée and élan vital. By examing the storytelling, the protagonists and the literary images in the two texts, I try to show how vitalism is expressed on three different levels. Firstly, the subject`s position in the cycle of life is shown through the authors` use of time and the descriptions of how the protagonists experience la durée. Secondly, both protagonists, Marta and Alberte, experience their own élan vital and they both manage to utilise it. Thirdly, life, desire for life and creative power are often represented among the literary images. For instance, complex images such as the sun and the ocean have key functions in both novels, where they serve to illustrate vitalism. The motivation for considering vitalistic features in the early works of Undset and Sandel springs from my ambition to enlarge this concept. This is key to understanding the perspective on women expressed in the texts. Through my reading of the texts I try to show how Undset and Sandel challenge the simplistic and binary perspective on women that vitalism traditionally implies. The woman`s need and ability to exit her immanent situation is particularly clear when the presentation of la durée and élan vital is taken into account when reading the texts. Through increased awareness of their immanent situation, the characters manage, at least to a certain degree, to break out and transcend.This corresponds to the individual`s need to challenge a preordained circle of life from time to time. Finally, I show that the novels find their place between Bergson`s vitalism and Merleau-Ponty`s and Beauvoir`s phenomenological existentialism
NOLISP350
MAHF-NORD
URI: https://bora.uib.no/handle/1956/4950
More Information: http://hdl.handle.net/1956/4950
Appears in Collections:Faculty of Humanities

Files in This Item:
Click on the URI links for accessing contents.