Please use this identifier to cite or link to this item: http://dlib.scu.ac.ir/handle/1956/1628
Title: Bymål i Sunnfjord. Ei sosiolingvistisk undersøking av språk og identitet i Florø og Førde
subject: VDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018;Mastergrad
Publisher: The University of Bergen
Description: Hovudmålet for hovudfagsavhandlinga mi var å finne ut om det var nokon samanheng mellom lokal identitet, språkhaldningar og språkbruk i dei to byane Florø og Førde, som ligg i Sunnfjordregionen i Sogn og Fjordane. Hypotesen min gjekk ut på at det fanst ein slik samanheng. Eg har brukt teoriar om sosial identitet, lokal og regional identitet, haldningar, språkhaldningar og språkleg regionalisering for å forklare samanhengane mellom dei sosiale og språklege variablane i undersøkinga. Metoden eg har brukt for å samle inn opplysningar om språk og identitet, er hovudsakleg kvalitativ: Eg har brukt halvstrukturerte djupintervju som vart tekne opp på band, og har intervjua 16 informantar til saman. Informantutvalet består av 8 personar frå kvar by: 4 unge og 4 vaksne. Utvalet er likt fordelt på menn og kvinner. Eit kriterium for å bli med i undersøkinga var at ein var oppvaksen innanfor tettstadsområdet i Førde eller Florø. Eg undersøkte 10 språkvariablar (2 fonologiske, 3 morfologiske og 5 leksikalske) som eg ekserperte frå intervjua. Eg valde ut variablar som eg rekna med var så frekvente at eg ville få nok belegg i naturleg samtale. Samlekonklusjonen var at Florø og florødialekten vart oppfatta av florøværingane som spesiell i regionssamanheng, medan haldninga blant førdianarane var at Førde og førdedialekten mangla særpreg. Dette samsvara med at det lokale særpreget i florødialekten vart halde ved like og forsterka, medan førdedialekten var i ferd med å få meir bymålspreg enn han har hatt tradisjonelt.
URI: https://bora.uib.no/handle/1956/1628
More Information: 82-8088-171-9 (electronic version)
http://hdl.handle.net/1956/1628
Appears in Collections:Faculty of Humanities

Files in This Item:
Click on the URI links for accessing contents.